
Jesus, eg vil vera din,
men det er så mange røyster
som i sjela trengjer inn,
og som kallar på meg her.
Kjære Jesus, ver meg nær.
Eg vil gå der du har sagt,
men eg ser så mange vegar.
Hjelp meg du som har all makt,
vis meg vegen eg skal gå,
så eg heim til deg kan nå.
La meg tala sant og rett
når eg vitnar for dei andre
på den plassen eg er sett.
Styrk min vilje, hjelp mi tru,
eg er svak, men sterk er du.
Når dei ler av trua mi,
la meg også då få kjenna
varmen ifrå handa di.
Herre, du må hjelpa meg
til å alltid følgja deg.
// Haldis Reigstad