Dikt: Tårene mine

aBy_myself_but_not_alone_by

Tårene mine er gøymde hjå Gud,
eg veit at han høyrer
min gråt og mi klage.
Eg veit at han held meg i hendene sine,
min trøystar han er.

Dagane mine er fastsett av Gud,
eg veit at han gav meg
det livet eg lever.
Eg veit han skal føra meg ut over døden,
min trøystar han er.

Trengslene mine lyt gå gjennom Gud,
eg veit han er med meg
i sorg som i glede.
Eg veit at han aldri tek auga sitt frå meg,
min trøystar han er.

// Haldis Reigstad

Ronny R. Larsen

About Ronny R. Larsen

Ronny R. Larsen er fra Kristiansand og ble kristen for noen år siden. Han er gift og har tre barn.

Legg gjerne igjen en kommentar, men husk å bruke søkemotoren før du stiller et spørsmål. Bruk helst ditt riktige navn, så sant du ikke ønsker å være anonym.